Ann-Elen Skjelbreid (f. 13.9.1971)

Ann-Elen Skjelbreid er oppvaksen på garden Skjelbreid i Hålandsdalen i Fusa kommune som den mellomste av tre systre. Ho starta med skiskyting som 11-åring, og gjekk til topps i hovudlandsrennet som 14-åring trass i at ho kom frå ein vestlandsk fjordkommune med lite snø. Etter ungdomsskulen bestemte ho seg for å gå skigymas i Trysil for å utvikla seg som skiskyttar, og dei gode snøforholda der gav resultat for Fusa-jenta. I 1990 vann ho Noregscupen i klasse eldre junior. Ho var ferdig på skigymnaset våren 1990, men bestemte seg for å bli verande i Trysil. I 1991 begynte ho på lærarskulen på Elverum, og ho har teke utdanning ved sida av å driva toppidrett. Ho manglar berre ei hovudoppgåve på å vera ferdig utdanna kroppsøvingslærar. Ann-Elen flytta attende til Fusa og heimegarden Skjelbreid i 1996. Sommaren 2002 gifta ho seg med skiskyttaren Egil Gjelland. Etter 2005/06-sesongen la ho ski og børse på hylla. Ho byrja som lærar på Fusa ungdomsskule, no er ho i vidaregåande skule, og kretstrenar for Hordaland skiskyttarkrets. Tusen takk for all moro du gav oss som aktiv skiskyttar!

Juniorverdsmeister!

18-åringen frå Hålandsdalen fekk plass på det norske laget til junior-VM i Finland i 1990, og debutanten gjorde sine saker svært bra: Stafett-sølv, 4. plass på normalen, 5. plass i lagkonkurransen og 10. plass på sprinten. Ho var med på juniorlandslaget sesongen 1990/91.
Som sisteårsjunior i 1991 nådde ho det store målet: Verdsmeistertittel på sprinten under VM i Ungarn etter feilfri skyting. Ingen norsk jente hadde blitt juniorverdsmeister i skiskyting før! I tillegg kunne ho ta med seg heim eit nytt stafettsølv.

Eliteløpar

Som førsteårssenior fekk Ann-Elen plass på Skiskyttarforbundet sitt rekrutteringslag ”Team –94” der ho var med frå 1991 til 1993.
Ho vann sitt første senior-NM-gull i lagkonkurransen i 1992 (for Hedmark). I tillegg tok ho bronse på sprinten og sølv på stafetten. NM-innsatsen gav henne plass i verdscuptroppen, og ho debuterte i Ruhpolding i januar 1992.
I 1994 kom Ann-Elen med på det norske skiskyttarlandslaget (elitelaget), og ho var med og tok VM-sølv i lagkonkurransen.
Det første NM-gullet for Hordaland tok ho på stafetten i 1994 saman med systera Liv Grete. Ho vart Noregsmeister på sprinten i 1995. I tillegg tok ho bronse på normalen og sølv på stafetten. Seinare har det blitt eit lass med NM-medaljar, og i 2003 kom NM-gull nummer to, då ho vann normalprogrammet (15 km).

Verdscupkarrieren

Første sesongen hennar i verdscupen var 1992 – då vart ho nummer 48 samanlagt. Den første pallplasseringa hennar kom i 1996 med ein 2. plass i Osrblie. Ho har til saman fem 2.plassar i verdscupen.
Den så langt beste sesongen var 1998, då ho vart nummer 9 samanlagt med ein 2. plass, ein 4., ein 5. og to 6. plassar som beste plasseringar. Også 1999-sesongen var svært god. Då tok ho m.a. 2. plassen på verdscup-sprinten i Holmenkollen (prøve-VM), og ho vart nr. 10 samanlagt i verdscupen. Ho har vore mellom dei 25 beste i meir enn 65 verdscuprenn.

VM-karrieren

Ann-Elen har ei individuell VM-medalje som senior: Sølv frå sprinten i Ruhpolding i 1996. Elles har ho fleire plasseringar mellom dei 10 beste: 6. plass frå jaktstarten i 1998. Då vart ho nummer to på sprinten som den gongen galdt som første del av jaktstarten, men ikkje vart rekna som eiga VM-øving. I 1999 vart ho nr. 8 på VM-sprinten. I 2001 vart ho nr. 10 på sprinten og nr. 9 på jaktstarten.
I øvinga lagkonkurranse har ho VM-gull frå 1995 og 1997, og VM-sølv frå 1994 og 1998.
Ho var med på det norske stafettlaget som tok VM-sølv i 1997 og bronse i 1995.

OL-karrieren

Ann-Elen har vore med i heile tre OL: Lillehammer-94, Nagano-98 og Salt Lake City 2002. Individuelt har ho ikkje lukkast heilt i OL, men 17. plass på sprinten i sitt første OL på Lillehammer er ein prestasjon det står respekt av, og likeeins 22. plassen på 15 km i Salt Lake City. Stafettresultata har blitt betre og betre: 4. plass på Lillehammer, bronse i 1998 og sølv i 2002.

Langrenn

Ann-Elen er òg noregsmeister i langrenn frå stafetten i 1995, då ho var ho med på stafettlaget til Trysilgutten.

Skadar og motgang

Ann-Elen har brote både ein arm og ein fot tidleg på 1990-talet. Ho har bala med astma sidan 1996 – den er utløyst av anstrenging, noko som er svært utbreidd mellom toppidrettsutøvarar. Det var så ille at ho var nær ved å gje opp skiskyttarkarrieren før ho fekk medisinsk hjelp, men Ann-Elen er ikkje den som gir seg så lett! Før 2003-sesongen måtte ho kutta ut astmamedisinen i eit halvt år for å bevisa at ho verkeleg har astma og treng medisin. Dette var krav knytt til anti-doping-arbeidet. Ho fekk ikkje ny medisin før rundt juletider 2002. Alle som har kjennskap til astma, forstår godt kor mykje dette hemma henne i treningsarbeidet i sesongoppkøyringa, og korleis det prega 2003-sesongen hennar. Trass i desse vanskane var ho vår tredje beste skiskyttar på kvinnesida denne sesongen. Likevel vart ho sett ut av elitelaget i april – som nybakt noregsmeister på den hardaste distansen: 15 km. Men Ann-Elen vil heller ikkje denne gongen gje seg så lett! Fan-cluben skipa ei spontan støttegruppe for Ann-Elen som m.a. har arbeidd med å skaffa sponsorar og gåver som kunne gjera det økonomisk mogeleg for henne å satsa på ein ny sesong. Det lokale næringslivet har stilt velvillig opp, og følgjande verksemder skal ha stor takk for støtta:

Ann-Elen-sponsorar 2003/2004

Leigland Bygg A/S 30.000
Fusa Kraftlag 25.000

Gåver

Bolstad Fiskeoppdrett A/S 5.000
Fjord'n Senterforening 5.000
Helland Elektro & VVS 5.000
Osebakken A/S 5.000
P. H. Haugen Landhandel 5.000
Sambygg ANS 5.000
Sparebanken Vest 30.000
Strandvik Plast A/S 5.000
Felleskjøpet 3.000

Ann-Elen sine resultat

1990: stafett-sølv junior-VM
1991: sprint-gull og stafett-sølv junior-VM
1992: NM-bronse sprint, NM-sølv stafett og NM-gull lag. Verdscupdeltaking – nr. 48 samanlagt
1994: NM-gull stafett og lag. OL-deltaking: 4. plass i stafett, 17. plass sprint. VM-sølv lag. Nummer 29 i verdscupen samanlagt.
1995: NM-gull sprint, NM-bronse normal, NM-sølv stafett. VM-gull lag, VM-bronse stafett. Nummer 32 i verdscupen samanlagt.
1996: NM-sølv sprint, NM-bronse normal, NM-sølv lag. VM-sølv sprint. 2 andre- og 1 sjetteplass i verdscupen, nummer 13 samanlagt.
1997: NM-sølv sprint og normal, NM-gull stafett. VM-gull lag, VM-sølv stafett. 1 andreplass i verdscupen, nummer 27 samanlagt.
1998: NM-sølv normal. VM-sølv lag. Sjetteplass VM-jaktstart. OL-bronse stafett. 1 andreplass, ein 4., ein 5. og ein 6. plass i verdscupen og nummer ni samanlagt.
1999: NM-sølv sprint, 4 normal. VM: nr. 8 sprint, 12 jaktstart, 13 fellesstart, 4 stafett. Nummer 10 i verdscupen samanlagt.
2000: NM: Stafettgull, 4 sprint, 5 jaktstart, 5 fellesstart. VM: 16 sprint, 16 fellesstart, 39 normal, 5 stafett. Nummer 34 samanlagt i verdscupen.
2001: NM: sprintsølv, jaktstartbronse, 4. plass fellesstart; VM: 10 sprint, 9 jaktstart, 13 felesstart, 41 normal; Nummer 20 samanlagt i verdscupen etter m.a. ein 5. og ein 7. plass.
2002: OL: sølv stafett, 22 normal, 38 sprint, 39 jaktstart, VM: 24 fellesstart, nummer 56 samanlagt i verdscupen. NM: stafettgull, fellesstartsølv, normalbronse, 6 sprint, 4 jaktstart
2003: NM: normalgull, 18 sprint, VM: 8 stafett, 31 normal, 42 sprint, 40 jaktstart

2004: WC: 15 + 20 på sprint og jaktstart i Pokljuka, 53 samanlagt etter å ha fått gå 12 WC-renn + 1 stafett der det vart 3. plass. Ho deltok i sitt 9. VM - fekk gå normalen, vart nr. 33 med sjukdom i kroppen. Deltok i EM, 6 på stafetten, 25 sprint, 27 jaktstart, 25 normal.

2005: Morspermisjon. Vestlandsmeister på sprinten.