Liv Kjersti Eikeland (f. 20.3.1979)

Liv Kjersti kjem frå Eikelandsosen i Fusa. Ho er den yngste av fire søstre. Alle har gått skiskyting, og Liv Kjersti dilta med frå ho var lita. Ho byrja med skiskyting i Hålandsdal IL då ho var 8-9 år, og ho var òg mykje med på langrenn. Liv Kjersti har alltid vore ekstremt treningsvillig. Ho har vunne det meste innan kretsen og på Vestlandet (KM og VM). Ho konkurrerte saman med den eitt år eldre Gro Marit Istad frå Voss, og dei byttest om å vinna. I 1994 deltok ho i sitt første hovudlandsrenn, og der synte ho at ho var den beste 14-åringen i landet på normalprogrammet. På sprinten vart ho nummer to, og ho gjekk på Hordaland sitt lag som vann stafetten. Året etter vann ho sprinten.

Liv Kjersti begynte på skigymnas på Geilo hausten 1995, og i sin første sesong som junior tok ho bronse på sprinten i junior-NM 1996. Året etter vart ho junior-noregsmeister på sprint. Ho stilte òg i senior-NM som 18-åring. Der vart ho nummer fem på sprinten og vann stafetten saman med kusinene Ann-Elen og Liv Grete Skjelbreid. Ho var òg med på junior-NM i spesiallangrenn og tok bronse på 10 km friteknikk.

I 1998 nådde den framoverstormande skiskyttaren frå Fusa ein ny milepæl og markerte seg sterkt internasjonalt: Ho vart junior-europameister på normalprogrammet, og tok bronse på jaktstarten. Ho deltok òg i junior-VM i Canada, og der var ho med på å vinna stafetten saman med ikkje ukjende Linda Tjørhom og Gro Marit Istad. I junior-NM vart det stafettgull.

Liv Kjersti var ferdig på skigymnaset på Geilo våren 1998, og begynte så på grunnfag i idrett på Meråker vidaregåande skule. Den treningsivrige jenta fekk for mykje, og måtte ta pause på grunn av overtrening. Hausten 2000 flytta ho til Lillehammer og kombinerte studiar og trening. Ho har teke mellomfag i pedagogikk og er no i gang med førskulelærarutdanning. Amors piler trefte fusajenta under militær-VM i 2000, og den utkåra var den svenske skiskyttaren Carl-Johan Bergman. Dei har vore sambuarar på Lillehammer sidan hausten 2001.

Liv Kjersti hadde plass på juniorlandslaget medan ho var junior, og sidan på rekrutteringslandslaget til ho takka nei før 2003/04-sesongen. Då fekk ho tilbod om å trena saman med det svenske landslaget, og Wolfgang Pichler – Magdalena Forsberg sin guru – vart Liv Kjersti sin personlege trenar.

Det lokale næringslivet har støtta henne økonomisk: 2000/01 + 2001/02 fekk ho sponsoravtale gjennom Fusalauget, og dei to følgjande sesongane var Fusa Kraftlag og Strandvik Transport & Maskin hennar personlege sponsorar. Til sesongen 2006/07 takka ho ja til elitelaget, og der var ho i to sesongar. Sesongen 2008/09 er ho på rekrutteringslaget. 

NM:

Liv Kjersti har vore med på å ta fleire stafettgull saman med kusinene Ann-Elen og Liv Grete. Det store NM-gjennombrotet individuelt fekk ho i 2003, då ho tok to sølv og ein bronse i tillegg til stafettsølv. Året etter vart det kongepokal etter sigeren på sprinten!

NM-resultat:

2001: 3 normal - 1 stafett
2002: 5 normal - 5 sprint - 6 jaktstart - 1 stafett
2003: 8 normal - 2 sprint - 2 jaktstart - 3 fellesstart - 2 stafett
2004: 3 normal - 1 sprint - ? jaktstart - 5 fellesstart - 2 stafett

2005: 4 normal - 12 sprint - 11 jaktstart - 7 fellesstart - 1 stafett

World Cup:

Liv Kjersti debuterte i verdscupen i Ruhpolding i 1999 der ho deltok på sprint og stafett, men dette var sesongen då ho møtte veggen på grunn av overtrening. Dei siste sesongane har ho delteke i fleire verdscuprenn.  I 2001/02-sesongen greidde ho ein 23. plass på sprinten i Osrblie. Gjennombrotet i verdscupen kom ved sesongslutt i Holmenkollen 2003/2004 der ho gjekk inn til ein flott 7. plass på sprinten og vart nr. 17 på jaktstarten. Denne sesongen vart ho nr. 40 samanlagt i verdscupen. I tillegg var ho med på stafettlaget som vann i Kontiolahti. 2004/05-sesongen sleit ho med sjukdom etter ein god start: nr. 11 på normalen i Kollen og 18 på sprinten i Pokljuka, og ikkje minst siger i eit showrenn i Tyskland i romjula saman med Ole Einar. OL-sesongen vart ikkje som håpa, sjukdom og diverse vanskar øydela, men no ser det bra ut føre ny sesong. Rulleski-NM gav henne 2 sølvmedaljer!

Internasjonale resultat:

JR-VM:

1998: - 8 normal - 14 sprint - 1 stafett
1999: - 27 normal - 9 sprint - 6 jaktstart - 6 stafett

EM:

2001: - 14 normal - 22 sprint - 27 jaktstart
2002: - 32 normal - 3 sprint - 26 jaktstart
2003: - 20 normal - 21 sprint - 16 jaktstart - 7 stafett

2004: - 21 normal - 22 sprint - 10 jaktstart - 6 stafett

VM:

2005: Liv Kjersti fekk delta i sitt første senior-VM, og gjorde ein respektabel debut med ein flott 16. plass på normalen. På stafetten satsa ho friskt og hang lenge med, men det vart for tøft. Det vart 5. plass på det norske laget.

Liv Kjersti har hatt sin absolutte styrke på skytebanen. I sesongen 2003/04 var ho oppe i ein imponerande treffprosent på ligg på 94! Sakte, men sikkert har ho òg trent seg oppatt etter overtreningsknekken, og ho får stadig større fart i sporet. Ho har fått tilbod om norsk landslagsplass fleire år på rad, men takka nei to år og valde å følgja opplegget til Pichler og det svenske landslaget. I år er ho å finna på det norske rekrutteringslaget. Liv Kjersti er framleis ein skiskyttar med framtida for seg!